Bjørnar sin blogg

June 26, 2009

Utbygging

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:08 am

Av og til kan det verke som kraftkåtingane ikkje tåler å sjå rennande vatn, at dei tek potente fossar i vårløysing som ei personleg fornærming.
Kva inneber vestsideutbygginga i høve til nye naturinngrep i ein dal der mesteparten av det frittrennande vatnet allereie er lagt i røyr?

Perla Sperlestølen vert rasert av veg og tipp midt inne i den finaste og eldste furuskogen i Jostedalen. Hompedøla renn stor og fin no om dagen, den synlege delen av denne vert turrlagt. Turistar stoppar også i år og tek bilete av den allereie regulerte Vigdøla, denne vegnære attraksjonen forsvinn. Stien til Bakkedalen går i stor grad langsmed elva, der det var elvesus vert det no stilt som i grava. Den karakteristiske fossen i Røykjedøla under snøsmeltinga står i fare. Fossen i Tverradøla ryk. Alt dette og meire til i bytte for nokre skarve skatteinntekter til Luster kommune som skal nyttast til til dømes til badeland?

Ser ellers at Statkraft prøver å spele på kjensler ved å seie: “Flaum har tidlegare ført til omfattande skader på bustader,vegar, bruer, driftsbygg og dyrka mark og det har lenge vore eit ynskje å overføra vatn frå desse elvene til Leirdøla kraftverk”

Etter Jostedalsutbygginga har det ikkje vore flaumproblem i Jostedalen, og i alle høve ikkje i tilknytning til dei elvene som no er trua.

Ellers oppmodar eg til å kike mot dei aktuelle vassdraga når ein køyrer forbi og  tenkje seg korleis landskapet vert sjåande ut utan, om ein har fantasi til det. Korleis vil  lydbiletet endre seg, korleis vil den no  frodige vegetasjonen endre seg.

Gå turen til Bakkedalen og Røykjedalen forestill deg det utturka og ikkje minst stille elevelaupet, ta turen gjennom furuskogen og blåbærlyngen til Sperlestølen der det er planlagt veg og tipp, stopp og kik på Vigdøla frå vegen, der elva no er på det finaste.

Biletet er frå Myklemyr med to av elvene som er trua, Hompedøla og Kvenndøla.

_DSC0528

Blog at WordPress.com.