Bjørnar sin blogg

June 26, 2009

Utbygging

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:08 am

Av og til kan det verke som kraftkåtingane ikkje tåler å sjå rennande vatn, at dei tek potente fossar i vårløysing som ei personleg fornærming.
Kva inneber vestsideutbygginga i høve til nye naturinngrep i ein dal der mesteparten av det frittrennande vatnet allereie er lagt i røyr?

Perla Sperlestølen vert rasert av veg og tipp midt inne i den finaste og eldste furuskogen i Jostedalen. Hompedøla renn stor og fin no om dagen, den synlege delen av denne vert turrlagt. Turistar stoppar også i år og tek bilete av den allereie regulerte Vigdøla, denne vegnære attraksjonen forsvinn. Stien til Bakkedalen går i stor grad langsmed elva, der det var elvesus vert det no stilt som i grava. Den karakteristiske fossen i Røykjedøla under snøsmeltinga står i fare. Fossen i Tverradøla ryk. Alt dette og meire til i bytte for nokre skarve skatteinntekter til Luster kommune som skal nyttast til til dømes til badeland?

Ser ellers at Statkraft prøver å spele på kjensler ved å seie: “Flaum har tidlegare ført til omfattande skader på bustader,vegar, bruer, driftsbygg og dyrka mark og det har lenge vore eit ynskje å overføra vatn frå desse elvene til Leirdøla kraftverk”

Etter Jostedalsutbygginga har det ikkje vore flaumproblem i Jostedalen, og i alle høve ikkje i tilknytning til dei elvene som no er trua.

Ellers oppmodar eg til å kike mot dei aktuelle vassdraga når ein køyrer forbi og  tenkje seg korleis landskapet vert sjåande ut utan, om ein har fantasi til det. Korleis vil  lydbiletet endre seg, korleis vil den no  frodige vegetasjonen endre seg.

Gå turen til Bakkedalen og Røykjedalen forestill deg det utturka og ikkje minst stille elevelaupet, ta turen gjennom furuskogen og blåbærlyngen til Sperlestølen der det er planlagt veg og tipp, stopp og kik på Vigdøla frå vegen, der elva no er på det finaste.

Biletet er frå Myklemyr med to av elvene som er trua, Hompedøla og Kvenndøla.

_DSC0528

Advertisements

6 Comments »

  1. Detta var vel mykje krisemaksimering, sidan dammen på Tunsbergdalen skal hevast 2 meter vil maks vannstand bli 480 moh. Så treng dei litt overhøgde før att vatnet ikkje skal renne tilbake. Dermed kan tunnelen ligge på 490 moh. Noko som betyr att blant anna fossen i Tverradøla ikkje vil forsvinne. Du vil og få høyra vatnet renn på store deler av vegen til både Røykjadalen og Bakkedalen.

    Ein anna ting oppi alt detta er att Statkraft burde få til eit informasjonsmøte ganske kjapt sånn att me slepp å tru og synse så mykje i tida framover. Alt blir så mykje enklare når folk veit og ikkje berre trur.

    Comment by fos — June 27, 2009 @ 11:06 pm

    • Statkraft HAR faktisk hatt eit folkemøte om dette, torsdag 8. februar kl 19.30 på Jostedal Hotell. Eg hadde ein liten notis om dette på bloggen min. Les her: http://eies.wordpress.com/2007/04/30/kva-tener-luster-pa-ei-utbygging-av-vestside-elvane/

      Elles er eg heilt einig med deg, fos, eit folkemøte no kunne avklara mykje. Men eg trur neppe Statkraft vil/tek sjansen på å bry seg med å arrangera nok eit folkemøte. Det må me truleg gjera sjølve, og invitera Statkraft. Såo får me håpa at dei kjem…

      Comment by eies — July 1, 2009 @ 4:22 pm

      • Gløymde å skriva at møtet var i 2007.

        Comment by eies — July 1, 2009 @ 4:24 pm

      • statkraft skal ha folkemøte. planen var før ferien,men pga at meldingen vart forseinka vart dette utsett.

        Comment by nb — July 6, 2009 @ 9:43 am

  2. Det var flott!

    Den byråkratiske saksgangengen har eg ikkje sett meg så godt inn i. Det eg (trur eg) har høyrt i det siste er at det er NVE som skal stå for eit folkemøte.

    Kan nokon avklara? Det vert vel neppe to folkemøte…

    Comment by eies — July 6, 2009 @ 7:12 pm

    • Kunnige har skrive det slik: “Når NVE sender saka på høyring, skal høyringsfristen vere minst 6 veker, og NVE skal halde eit folkemøte.”

      Comment by eies — July 8, 2009 @ 8:30 am


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Create a free website or blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: