Bjørnar sin blogg

January 20, 2011

Fimbulblogg

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:43 pm

Fimbuljostedal sin blogg med føreoppdateringar og skibilete:

http://fimbuljostedal.blogspot.com/

November 21, 2010

Saueredning i Fjærland

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:22 pm

Alpine villsau trives godt nær breane verkar det som, vi fekk ein fin tur i djupsnøen med trivlege Fjærlendingar. Ein liten film syner småstressa villsau som gjer seg klare til ein rask spurt, trykk linken:

http://player.vimeo.com/video/17061276

January 25, 2010

Skibilete og skifilmar, kvar er dei no?

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 6:44 pm

Jo, eg har blogga i år, men det er berre det at eg har flytta postane til Fimbul si heimeside. Den finn de her:

http://fimbuljostedal.blogspot.com/

Så no er det berre å bokmerke den, for no kjem snøen att…god vinter.

Bjørnar

August 26, 2009

Stigen.Der hunden ikkje er begreven.

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 8:40 pm

Bileta fortel historia om den fjerde utkallinga for Bregruppa på seks dagar. Denne gongen var det ikkje folk i fare i fjellet…

August 15, 2009

Over Handspiki for å treffe miljøvernministeren

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 8:31 am

Over 600 oppmøtte på Sota for å opne nasjonalparken, Ole Edvard Antonsen spela, 4 ministerar tala, spel om bla. Jostedalsrypa vart framført og vi møtte Erik Solheim. Han tok seg god tid med oss og inviterte oss til Oslo seinare i år. Dette forutsette sjølvsagt at han framleis hadde same jobben om eit par månadar.

August 6, 2009

Skjørt på breen og andre folk

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 9:23 pm

July 29, 2009

Aksjonen mot turre elvar er i gong

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:59 am

No er aksjonsgrunnlaget klart og underskriftsaksjonen i gong. Lister vert også lagt ut på butikkar og serveringstadar etterkvart.

Lurer du på om du vil skrive under?

Spør deg sjølv td. desse spørsmåla:

-Er du for Statkraft sine planar om å legge dei resterande frie elvene i Jostedalen i røyr, den einaste som vil stå att er Nigardsbreelva.

-Kva postitivt for Jostedalen kjem ut av planane til Statkraft.

Sjå http://vestsida-vigdøla.no/ for meir informasjon.

July 12, 2009

Godt utstyrt på Hellstugutind

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 8:16 am

Dansk klatrer reddet ned fra fjellet

Av Dennis Ravndal 11.07.2009 kl. 23:37 Kilde: VG NETT

(VG Nett) Et helikopter måtte til for å hente personen som sto fast på en fjellkam uten å komme seg verken opp eller ned.

Vet du noe om denne saken? TIPS OSS

– Siden han sto på en fjellkam klarte luftambulansen å sette ned den ene meien og få ham på helikopteret, sier Andreas Bull i Hovedredningssentralen i Sør-Norge til VG Nett.

Den danske klatreren var på Hellstugutind i Jotunheimen da vedkommende lørdag kveld ikke kom seg videre. Ifølge hovedredningssentralen hadde personen med seg både stige og isøks, men på 2155 meters høyde var det ikke nok til å komme seg videre. Dermed ble det satt i gang en redningsaksjon.

– Vi sendte en Sea King fra Ørlandet, og skulle til å hente den alpine redningsgruppen fra Lom da helikopteret fikk ham ned, sier Bull.

Klatreren skal ha kommet fra episoden uten fysiske skader.

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=568247

June 26, 2009

Utbygging

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:08 am

Av og til kan det verke som kraftkåtingane ikkje tåler å sjå rennande vatn, at dei tek potente fossar i vårløysing som ei personleg fornærming.
Kva inneber vestsideutbygginga i høve til nye naturinngrep i ein dal der mesteparten av det frittrennande vatnet allereie er lagt i røyr?

Perla Sperlestølen vert rasert av veg og tipp midt inne i den finaste og eldste furuskogen i Jostedalen. Hompedøla renn stor og fin no om dagen, den synlege delen av denne vert turrlagt. Turistar stoppar også i år og tek bilete av den allereie regulerte Vigdøla, denne vegnære attraksjonen forsvinn. Stien til Bakkedalen går i stor grad langsmed elva, der det var elvesus vert det no stilt som i grava. Den karakteristiske fossen i Røykjedøla under snøsmeltinga står i fare. Fossen i Tverradøla ryk. Alt dette og meire til i bytte for nokre skarve skatteinntekter til Luster kommune som skal nyttast til til dømes til badeland?

Ser ellers at Statkraft prøver å spele på kjensler ved å seie: “Flaum har tidlegare ført til omfattande skader på bustader,vegar, bruer, driftsbygg og dyrka mark og det har lenge vore eit ynskje å overføra vatn frå desse elvene til Leirdøla kraftverk”

Etter Jostedalsutbygginga har det ikkje vore flaumproblem i Jostedalen, og i alle høve ikkje i tilknytning til dei elvene som no er trua.

Ellers oppmodar eg til å kike mot dei aktuelle vassdraga når ein køyrer forbi og  tenkje seg korleis landskapet vert sjåande ut utan, om ein har fantasi til det. Korleis vil  lydbiletet endre seg, korleis vil den no  frodige vegetasjonen endre seg.

Gå turen til Bakkedalen og Røykjedalen forestill deg det utturka og ikkje minst stille elevelaupet, ta turen gjennom furuskogen og blåbærlyngen til Sperlestølen der det er planlagt veg og tipp, stopp og kik på Vigdøla frå vegen, der elva no er på det finaste.

Biletet er frå Myklemyr med to av elvene som er trua, Hompedøla og Kvenndøla.

_DSC0528

May 20, 2009

Protected: grov-bilete

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 9:23 pm

This content is password protected. To view it please enter your password below:

Older Posts »

Create a free website or blog at WordPress.com.