Bjørnar sin blogg

January 30, 2008

Sjå ein spanande film!

Filed under: Film — bjorjost @ 5:56 pm

Her kan de sjå ein spanande film om ein tulling.

Advertisements

January 28, 2008

Tilreisande møter Jostedalen i flotte tilhøve

Filed under: Fimbul, Skitur — bjorjost @ 3:04 pm

Desse bileta er frå Jostedalen 14 dagar sidan. Til helga er det kurs att i Jostedalen med Fimbul. Roger heldt kurs denne helga på Heggmyrane, Sogn Skisenter.

skredkurs4.jpgskredkurs3.jpgskredkurs6.jpgskredkurs5.jpg

January 25, 2008

Før var det morsomt med sne

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:15 am

Før var det morsomt med sne, sa De Lillos, nokre tykkjer nok det fortsatt er moro.

snomalar.jpg

Målesetaven står mellom huset og garasjen, på 240 moh. Er det mest snø i landet i Jostedalen på denne høgda over havet? Kanskje Even veit dette?

Obs! Har vore ute og kontrollmålt no, og snømengda stemmer. Eg har forlenga målestaven min i påvente av meir snø/nedbør. 220cm burde vel halde…? Er det nokon som veit sist det var over 2 meter på Gjerde?

Asbjørn Berget var innom, han har brøyta i natt. Han kunne fortelje at frå han byrja å brøyte på Jostedal Industrier til han var ferdig hadde det snøa 20cm. Dvs. i laupet av ein 30min, kanskje. Historia vert bekrefta av Ove, som opplevde det same ein annan stad.

Eg hadde omlag 1,5 tonn snø på trappa i dag, Oddmund måtte kaste snøball på verandadøra for å få kontakt med oss her inne. Han brukte berre 4 kast, bra treffsikker med andre ord.

På Grov var det visst eit hibbile i dag, med vassrett snø og attdrivne tun. Sikkert gale i Fåberg og.

Vermeldingane sprikar, men yr lovar omlag 30mm nedbør i morgon og ingen vind, dvs 30 cm snø om det er kaldt nok, medan met.no sine meteogram fortel om meir nedbør:

pict0004met.jpg

Det ligg på snøgrensa heile helga temp. messig, men skal verte mildt mandag. Mykje nedbør i vente, altså, opp mot 10cm, det kan verte ein meter til.

I dag og i tida som kjem får vi sende våre tankar til brøytarane, dei har hatt seige dagar og får seige dagar.

Utan brøytaren stoppar Jostedalen!

January 24, 2008

M-juk

Filed under: Film — bjorjost @ 7:51 pm

January 22, 2008

1200 meter lausnø til knes

Filed under: Skitur — bjorjost @ 4:36 pm

pict00g08.jpgpict001gy2.jpg

Roger opp—og nedatt , litt fortare ned då, kan du seie.

pict0033.jpg

Anne Marte sine spor i frå i går på same staden.

Sannsynlegvis den beste dagen så langt i vinter, hugs:

de må ha minst 2 par ski, eit par BREIE, og eit eller anna anna rask.

Patrol skiing

Filed under: Film — bjorjost @ 12:43 am

Her er Anne Marte sin debut som skifilmregissør- Patrolski

Medan vi ventar på skifilmen Patrolski. I dag: Laus snø

Filed under: Skitur — bjorjost @ 12:37 am

pict00i08.jpgpict003d4.jpgpict0009i.jpgpict0040d.jpgpict00h15.jpg

January 20, 2008

Snøalarmen ringjer for deg

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 10:44 pm

vanndola1.jpgvanndola2.jpgvanndola3.jpgvanndola4.jpgvanndola5.jpg

Desse bileta er berre trailer for ein film som kjem i morgon, den heiter Patrol-ski, ikkje ski-patrol som mange kanskje hadde venta.

Snø

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 10:23 am

Vi har 140 med snø i hagen i dag

No er det kveld, og det har auka til 152,

det snøar i kveld og skal snøe i natt

Fin skisnø i vanndølatraseen

January 18, 2008

Isgrotte Nigardsbreen

Filed under: Bilete, Uncategorized — bjorjost @ 4:31 pm

Oioi for eit styr om eit hol i isen! Nesten som holet i Bergsetbreen!

I dag må de sjå Vestlandsrevyen, NRK var med fram i dag.

FimbulJostedal set opp turar til hola med svært lokalkjende førarar…http://fimbuljostedal.no/isgrotter.html

For evt. nye blogg-sjåarar; det er fleire isbilete i tidlegare postar, gå berre bak i tid i bloggen.

pict0027jbh.jpg pict0009.jpgpict00i17d.jpgpict005r5.jpgpict0014.jpg

Older Posts »

Create a free website or blog at WordPress.com.