Bjørnar sin blogg

November 30, 2007

Skummelt

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 3:56 pm

Skroll ned på denne sida, stygge greier

http://www.arbeidstilsynet.no/c26977/artikkel/vis.html?tid=28780

Advertisements

November 28, 2007

ikkje fred å få

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:44 pm

Eg tenkte det kom til å regne i dag så ein fekk litt fri, men neidå, det snøa igjen.. Draumeforhold oppi der.

November 26, 2007

Mjuk snø

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 3:51 pm

No er det 82cm med snø i hagen i byggefeltet. Det er omlag 1.10 på Nosakollen, og dei øverste 40cm er såkalle pulverschnee. Det er svært gode tilhøve i austvende heng-OBS! skredfare sjølvsagt.

November 23, 2007

Fine fjell

Filed under: Bilete, Uncategorized — bjorjost @ 3:07 pm

pict0010dd.jpg

her i dalen

November 21, 2007

isen er klatrebar..

Filed under: Isklatring, Uncategorized — bjorjost @ 11:34 am

dsc_4565.jpg

Kvar i Jostedalen er dette?

November 20, 2007

Vangsen

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 12:21 am

Ikkje det finaste føret lenger, men fint ver og fin tur. Eg, Roger, Jølle, Nansen og Jostein kan vel heller ikkje anbefale Vangsen no, var litt mykje stein som stakk opp i bratta over vatnet. Ellers var det fint, men stort sett variasjonar av hardt føre. Lettgått med andre ord.. Fin temperatur, rundt 4-5 minus og nesten vindstille(utanom Resabakken då, sjølvsagt). Men; det er nok av turar der det ligg mindre stein og der det er meir snø!

image00005.jpgbbvangsen.jpgimage00001.jpg

November 17, 2007

Ski- kva er det?

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:50 pm

Normann skreiv ein kommentar på den ei tidlegare posting om breie ski i fjellet, og dette er jo eit kjekt emne å diskutere.

Her kjem eg med nokre meiningar om ulike ski, ganske subjektivt.

Det finnes mange typar ski til ulikt bruk, hovudkategoriane er vel;

  • langrennski- lette, smale, ingen stålkant, smørespenn, eg kan ingenting om desse eigentleg.
  • Racingalpinski- svært tverrstive for godt stålkantgrep, slalom svært innsvingde, utfor lite innsvingde. smale på midten for godt kantgrep.
  • jaktsk; ski til skog og kupert terreng, oftast til heil snø, derfor er dei breie, og korte ski er bra i skogen. Desse vert vel oftast utstyrt med feller eller smørt over nesten heile skia då gli ikkje er viktigast, men å ta seg fram. Dette er skiverdas firhjulstrekkarar. Kan ligne mykje på enkelte djupsnø ski, men er som regel ikkje særleg innsvingde, då dette gjev mindre bæreflate. Trekjerne som regel.

Så fjellskia:

  • trad. norske fjellski- Ei type ski som er spes. for dette landet gjerne, finnes ikkje i alpane td., 40-60mm breie, stålkant ofte, god tupp, tverrstive for hardt føre, godt egna til turar der det går både opp og ned i varierande føre og gjennom ulike snøtilhøve; smørning held bra på grunna spennet, spennet gjev og betre gli der det allereie er spor, men ikkje på heil snø. Desse skia er så pass smale at dei kan kantast med låge lærstøvlar som ikkje er tverrstive. Det er ein kjempefordel, då lærstøvlar er lette og slepp ut kondens. Dei siste åra har utviklinga gått mot breiare fjellski, jmf. Åsnes CombatCap og Fischer 109. Desse skia krever betre ankelstøtte enn smalare ski grunna vanskelegare å kante på hardt føre, så derfor er det ikkje heilt uvanleg å sjå desse kombinert med låge plastsko, td. Scarpa t4. Fjellski er som regel bra lett utsyr som funkar bra både Josten på langs og på Vangsen. Mange med tunge sko, ski og bindingar ser nok langt etter fjellskifolket i bakkane oppver mot vangsen i Påska, td. Ei god historie er i frå Ørsta i fjor vår. Ein toppturkonkurranse som gjekk ut på å gå fortast opp og nedatt Saudehornet trekte dei fremste randonneracingfolka i Noreg. Desse har det lettaste randonneutsyret ein kan få, og fartsdressar. Vinnaren vart venstrebacken på Ørsta FK, han gjekk på langrennski med feller og nedatt sette han seg på rompeakebrettet han hadde i sekken. Det mest effektive er nok det lettaste ja, men ikkje sikkert det morosamaste eller det som gjev best mestringsfølese. Fjellski er ei ski til alt.Trekjerne som regel, tåbinding, kabelbinding, bc,nnn.

 

  • Telemarkski, eller randonneski eller moderne fjellski. Med innføring av nye materiale kunne ein lage sidestive (høge) skisko i lær eller plast som ikkje var vanvittig tunge, då kom også breiare turski. Dette er ski i som kan brukast like godti skiheisen med alpinbinding og slalåmsko, som turbinding(telemark,randonne) og turstøvlar(no til dags nesten alltid plassko, plast er lettare enn lær når ein skal ha så høge skistøvlar). Innsving og breidde varierer, men breidda på midten varierar frå omlag 70mm til 177mm.. Skia er oftast treski, cap eller sandwich konstruksjon. Fordelen med breiare midtski er betre flyt i all snø som er mjuk, dvs. lausnø, vårsnø mm. Flyten er ein fordel både når ein brøyter spor og ikkje minst nedatt. Ein kan oftare flyte over istadenfor å bryte igjennom fokksnølaget, skarelaget, den rotne vårsnøen. I tillegg flyt slike ski lettare over ujamn snø, gamle spor, skavlar. Er føret hardt, skare, hardpakka snø ol. er breie ski ikkje ein fordel.Ski over 85mm på midten byrjar å verte harde å kante med “lette” plastsko på hardt føre, då må ein kanske gå for ein tung plastsko. Eg og Jostein går til dømes med ganske mjuke og lette sko, dei veg omlag 2,8kg på paret. Desse er ikkje så stive at dei kan samanliknast med ein slalåmsko. Er føret derimot mjukt treng ein ikkje ta i for å kante, og ein får det beste ut av skia. Då kan ein i prinsippet køyre ski med tøfler skrudd fast i skia vil nokon seie, men då må ein ha ein jekla god balanse. Derfor krever ikkje breie ski nødvendigvis plastsko til knea, som TT kommenterte, men då må ein vere flink til å velje det mjuke føret. Det er jo ein annan kunst!

 

Eg tykkjer det er vanskeleg å finne ei ski til alt, ein får velje etter føre, form, formasjonar og følelse, eg veit at mange og vel etter farge..

Skia er viktigast, men skoa og bindingen skal stå i stil også, og val av feller er kanskje det flest rotar med. Men den heilage treeininga ski, sko og binding kan varierast lett. Eg har smørt breiski med alpin turbinding og det har gått fint, og eg har brukt høge plastsko i tynne fjellski.

 

Eit anna poeng som NK kom med er det med tradisjonen til fjellskia. Les meir om det her: http://skiforeningen.no/holmenkollen/skihistorie

Skitradisjonen her i dalen svirrar rundt dei trad. fjellskia. I Lillehammer er det langrennskia, og i Chamonix er det alpine turski, som byrjar å ta over fjellet i Noreg også. Det kan ein meine mykje om, og det kan vi jo gjere i kommentarane!

 

NK nemner også stil og estetikk. Eg tykkjer det sværaste eg ser er flott telemark, og det er jo og det kjekkaste i godt føre. Men eg vert fortare sliten av det, får ilt i knea pluss at på vanskeleg føre er det lettare å ta seg ned på fast hæl, tykkjer eg.

November 15, 2007

Ny tur i dag

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 6:07 pm

40cm med laussnø utan vind i på glimrande såle med 5cm rim på toppen i 800 høgdemeter er jo greit nok. Vert fin lyd av rimen når ein skreier i den og! Det som går an no er jo å køyre der det ellers på vinteren ligg skredsnø i klumpar, og det er mange skredbaner her i dalen!

November 14, 2007

Geisdalsnosi i solsteiken

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 4:59 pm

fjos1.jpgsnosprekk1.jpg

Den breiaste skia i verda

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 3:50 pm

Det har vore litt diskusjon på bloggen min om kven som har den breiaste skia i Sogn. Eg veit ikkje kven det er, men her kjem ei lita guide til breie ski.

Ok, her er skia mi, prophet130b60_line_0607.jpgLine 130, den er 130mm på midten og 155mm på det breiaste i ei lengde på 190. Den har form som ei vanleg ski, dvs. smalast på midten med innsving, altså.

Andre ski er breiast på midten, for å få betre flyt i laussnø utan at tuppen “hektar” i laussnøen, noko som kan hende når ein svingar med så breie ski. Skal sjå litt på desse bastardane seinare i bloggen, vi kan kalle dei pudderski.

Her er Bjørn Gjelsten si, Fischer Bigstix 106, den var brei eingong i tida, 106mm på midten.bigstix.jpg

Her er Andreas Haslestad si ski, Volkl Sumo, 125mm på midten, 150mm framme, omlag same meir innsving som mi ski. volkl_sumo_06.jpg

Ok, så eit par reine pudderski, som altså er breiast på midten omlag, smalnar ofte av bakover skia for at bakskia skal synke ned i djupsnøen, og tuppen dermed gå opp. De kjenner sikkert problemet med tuppar som dykkar inn i skavlar og slikt, det skjer ikkje med så breie ski.

I tillegg er nokre av desse skia bygd i vogge-form, som regel berre tuppen då. Framskia er altså bøygd opp feks. allereie ved bindingen for å få betre flyt og unngå at tuppen dykkar. Motsett spenn vert det altså, i høve til ei vanleg langrennski eller fjellski. Treng ikkje smøresone her, vettu..

Kanskje den mest selde no til dags er K2 Spatula, eller var det Pontoon, hmm,spatula1.jpg, smalnar inn bakover, og gjer det va

nskeleg å komme på kant om det skulle vere hardt, men flyg i laussnø..

Dp sine ski med karbon for minka vekt, omlag 135mm lotus138.gif

Goode sine reine karboski er ekstremt lette, berre 1390gram i 192 og 144mm.scoopsmall.gif

Men no vinnarane, den breiaste skia i verda!(Så vidt som eg har funne ut..)

2.plass, Fatypus Alotta, den er heile 140mm på midten og 172mm! framme! Denne skia er byg i USA, og i bruk i veststatane Utah og Colorado der dei skal ha lett lett snø, i motsetning til austkysten. Denne kjem berre i 170cm og 180cm.

180alottasm.gif

1.plass, herregud og fader, franskmennene er galne, denne skia er breiare på midten enn Fatypusen i tuppen!ski-monstrefat.jpg

Duret heiter ein gamal skifabrikk i frankrike, dei starta opp att for nokre år sidan, og har bygd denne skia, ei ski du helst bør være naturleg kalvbeint for å køyre! Duret Monster er 177mm på midten, 20,3 cm framme og 193 bak, jeez, det var plenty med ski. Svingradiusen er 30meter, og den kjem i 186cm.

Denne skia vil du ikkje køyre på skaren med mindre du er Hulken, men i laussnø må det vere fine greier. Sikkert ikkje så godt å gå ein travers på vindpakka snø med 35mm feller, iallefall.

Vil eg tru.

Older Posts »

Create a free website or blog at WordPress.com.