Bjørnar sin blogg

October 25, 2007

Klatrefeltet på Ormberg

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 9:36 pm

Roger, Bjørn Andre og Håvard pluss meg har vaska ein fjellvegg over Ormberg i det siste.

Om du ser nøye på biletet ser du tre som heng i veggen, det er reinhaldsmedarbeidarane i full sving. Målet vårt er å vaske og pusse heile denne veggen, og kanskje resten av stupet  og, om vi ikkje finn noko betre å drive med. Frank tok biletet.

panoramaggies.jpg

October 22, 2007

Nytt klatrefelt, eller er det..

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:00 pm

Det 1. klatrefeltet i Jostedalen vert revitalisert desse dagar, her kan de sjå bilete frå Maggie’s farm ved Ormberg, feltet er oppkalla etter ein Dylan låt, og det temaet går att i rutenamna.

Sjå her

Linken går til Nutleikarlaget sine sider, Roger er webmaster der i garden. Der finn de og bilete frå skogrydding av skiløyper både hist og her..

Furua måtte ned

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 4:51 pm

Eg og frank og Anne Marte kvitta oss med nokre furu i dag, no ventar vi berre på snøen, så vi slepp å sjå dei meir. Dei rotnar vel vekk etter ein vinter under snøen, heldigvis.

Men; dei datt der dei skulle, vi drog opp med tau og blokker. Justyen vart litt lett til å trekkje stokkar med, men vi fekk det til løll.

Som de ser datt den eine opp på buss-skuret..nesten…

image00001.jpgimage00003.jpgimage00004.jpgimage00002.jpgimage00005.jpg

På tide med ny posting

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 4:11 pm

Er det vel ikkje?


Create a free website or blog at WordPress.com.