Bjørnar sin blogg

November 30, 2008

Arena Leirdalen

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:45 pm

Når vi kom opp i Leirdalen i dag klokka halv ti var preparering av løyper til langrennsfolket i full gang, og eg må innrømme at det hadde ikkje vore ilt å skøyta litt rundt i dei perfekte løypene til Jon sjølv for ein laussnøhund.

Det stemmer, herr Moe var nykløpt..

No hadde vi ikkje akkurat rett utstyr til trikkeskinner og skøyteriller, så medan Northugane, Bjørgene og ikkje minst Bråane starta dagens treningsøkter, seig vi oppover mot Gråmerri. Edvard hadde rydda fin trase i skogen frå dammen, noko som gjorde skogen overkommeleg sjølv i berre omlag halvmeteren med snø. Ei glimrande overrasking på starten av dagen.

Ved hytta endra både snømengde og ikkje minst snøkvalitet seg sakte men sikkert oppover bakkane. No sokk brått stavane 30-40 og jamvel 50cm ned attmed eit sveittefyllt skispor. Nede i dalen gjekk små, svarte prikkar rundt og rundt på ein flott langrennsarena, med ein utsikt som knusar Beitostølen og Holmenkollen.

Gode nok lystilhøve gav oss eit jekla bra renn nedatt, og vi komplimenterte det gode føret ved å gå ein tur til oppatt, denne gongen slapp vi til og med å brøyte.


Advertisements

November 23, 2008

Skredtips

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 10:54 pm

For nokre dagar sidan sa eg til Jostein noko slikt som: “Den fyrste skredaksjonen vi får i Bregruppa kjem sikkert til å verte ei hending i bratta mellom Geitanosi og Bjørkanosi- det er lett tilgjengeleg og ser fint ut frå Vanndalen.”

I går gjekk det 5-6 stykkjer oppover ei renne som kjem kjem ned frå Bjørkanosi. Til dei eit par tips:

-Ikkje gå opp i eit soleklart skredfar.

-Ikkje gå opp i eit soleklart skredfar medan skredfaren aukar med vindtransportert snø.

-Ikkje gå opp i eit soleklart skredfar medan skredfaren aukar med vindtransportert snø utan ski på føtene så de påverkar snødekket meir enn naudsynt.

-Ikkje gå opp i eit soleklart skredfar medan skredfaren aukar med vindtransportert snø utan ski på føtene så de påverkar snødekket meir enn naudsynt utan sikkerheitsavstand.

-Ikkje gå opp i eit soleklart skredfar medan skredfaren aukar med vindtransportert snø utan ski på føtene så de påverkar snødekket meir enn naudsynt utan sikkerheitsavstand for så å køyre ned samstundes.

-Ikkje gå opp i eit soleklart skredfar medan skredfaren aukar med vindtransportert snø utan ski på føtene så de påverkar snødekket meir enn naudsynt utan sikkerheitsavstand for så å køyre ned samstundes og deretter ta pause midt i ei potesiell skredbane før de startar går oppover att etter at temperaturen har stige 4-5 grader.

De hadde vel S/M, spade og søkestang…

Lukke til!

November 20, 2008

Undersøking: kor breie ski brukar du til vanleg?

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 9:06 pm

November 18, 2008

Geisdalnosi og Åsaskaret og skred

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:51 pm

Geisdalsnosi og Åsaskaret er fine turar for skreiing når det er gode tilhøve og OBS! ikkje skredfarleg. I dag var vi nokre i Åsaskaret, i går Geisdalsnosi (nesten). I går fann vi vegen utanom dei store steinane ned frå Geisdalsnosi og skreidde i stort sett fin 30-40 cm laussnø på eit underlag av 15cm skareaktig snø og under der lyng og grasbakke. Flotte greier heilt til vi nådde omlag 800m kota, der gjekk det over til gjennombrotsskare som igjen gjekk over til knallhard skare.

Dagen i dag rann med snøbyger, og det hadde snødd ein del om natta. Ikkje på Gjerde då, her hadde det sludda mest, men snøgrensa gjekk omlag 100m høgare, på Haugen. Vi labba opp i Åsaskaret og fekk mildt sagt fin snø nedatt. Den ekle skaren frå dagen før som vi møtte ein stad over Vanndalen var idag nedsnødd, no var det fin styresnø. Resabakken får Mg+/S- av meg i dag, til dømes.

Men: begge desse to turane er turar der folk har vorte tekne med av skred i laupet av dei siste 20 åra. Tru det eller ei. Det tyder at det slett ikkje alltid er tilhøve til å gjere turane, det er greitt å hugse på når ein ser skispor på slike stadar. Om ein er usikker på skredfaren, så vel ein annan tur. Hytta på Mannen er td. skredtrygg langs normalvegen. Om ein er trygg på at det er stabil og trygg snø høyrer det likevel med å ha med tre ting som kan gjere ei redning av ein nedgravd turkamerat mogeleg:

-Spade

-Søkestang

-Sendar/mottakar (kalla S/M forkorta, ofte og kalla skredsøkar, men den kan ikkje finne skred, dessverre…)

Skiutsyret og skisporten er i utvikling mot brattare turar også her i Jostedalen, og nye skilauparar kjem til kvart år. Den største potensielle faren for ein vinterskilaupar som går på tur mest for å skreie laussnø er ikkje å forfrysing på fingrane eller å helle kokande kakao på låret, men å verte begreven i eit stort eller lite snøskred. Statistikken seier at dei som vert begrevne ikkje vert funne utan S/M, søkestang og spade til å grave dei opp att.

November 16, 2008

Snø til folket

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:58 pm

Over 800moh i Vanndalen har det ikkje regna, derfor var det skare under og laussnø over denne kota. Det har komme ein stad mellom 45 og 70 cm dei siste to dagane der oppe, Vangsensida er meir eller mindre heilt kvit. Det er også god såle, vi skreia ned resabakken i dag utan å ta nedi, og der var det ikkje så mykje snø. Nordavinden har frakta det meste av snøen over på sør og vestsider kan det verke som. Kan ikkje klage.

November 12, 2008

Sesongens 1. Vangsen tur- slutt på fritidsproblema

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:13 pm

Tirsdag var eg, Asbjørn og Anne Marte på Mannen og sjekka tilhøva, og det var ikkje verst. Litt lite snø den vegen, men det såg mykje betre ut mot Vangsen. Så eg og AM for opp dit ein tur i dag, og for eit føre det var! Laus og fin snø med rim på heile vegen, eg var borti ein stein og AM to, men kva er vel det på 750 høgdemeter. Med 4×4 køyrer ein heilt på vatnet, så det er berre skreiebakkar att opp til varden. Om ein ser seg litt godt om frå vatnet så finnes det fleire stadar der det ligg godt med snø. Det verkar som om det meste av den snøen som er kommen i høgda har flytta seg ned i nordsidene, så Vangsen var altså fin.

Skredfaren verkar liten, men i nokre heng låg det fort ein par meter med snø. På flatene var det svært varierande sjølvsagt. Postar sikkert eit bilete eller to i morgon.

November 9, 2008

Meir snø i fjor- men kor mykje er det eigenleg i fjellet?

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 6:24 pm

11. november nærmar seg. Den datoen var det 65cm med snø på Gjerde i 2007. Eg tippar at 11.nov 2008 er det 0 cm med snø. Men det er jo god skøyteis på breavatnet då.

Spørsmålet som ingen har svar på enno er vel: kor mykje snø er det på 1200moh, td.?

Blog at WordPress.com.