Bjørnar sin blogg

November 17, 2007

Ski- kva er det?

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 5:50 pm

Normann skreiv ein kommentar på den ei tidlegare posting om breie ski i fjellet, og dette er jo eit kjekt emne å diskutere.

Her kjem eg med nokre meiningar om ulike ski, ganske subjektivt.

Det finnes mange typar ski til ulikt bruk, hovudkategoriane er vel;

  • langrennski- lette, smale, ingen stålkant, smørespenn, eg kan ingenting om desse eigentleg.
  • Racingalpinski- svært tverrstive for godt stålkantgrep, slalom svært innsvingde, utfor lite innsvingde. smale på midten for godt kantgrep.
  • jaktsk; ski til skog og kupert terreng, oftast til heil snø, derfor er dei breie, og korte ski er bra i skogen. Desse vert vel oftast utstyrt med feller eller smørt over nesten heile skia då gli ikkje er viktigast, men å ta seg fram. Dette er skiverdas firhjulstrekkarar. Kan ligne mykje på enkelte djupsnø ski, men er som regel ikkje særleg innsvingde, då dette gjev mindre bæreflate. Trekjerne som regel.

Så fjellskia:

  • trad. norske fjellski- Ei type ski som er spes. for dette landet gjerne, finnes ikkje i alpane td., 40-60mm breie, stålkant ofte, god tupp, tverrstive for hardt føre, godt egna til turar der det går både opp og ned i varierande føre og gjennom ulike snøtilhøve; smørning held bra på grunna spennet, spennet gjev og betre gli der det allereie er spor, men ikkje på heil snø. Desse skia er så pass smale at dei kan kantast med låge lærstøvlar som ikkje er tverrstive. Det er ein kjempefordel, då lærstøvlar er lette og slepp ut kondens. Dei siste åra har utviklinga gått mot breiare fjellski, jmf. Åsnes CombatCap og Fischer 109. Desse skia krever betre ankelstøtte enn smalare ski grunna vanskelegare å kante på hardt føre, så derfor er det ikkje heilt uvanleg å sjå desse kombinert med låge plastsko, td. Scarpa t4. Fjellski er som regel bra lett utsyr som funkar bra både Josten på langs og på Vangsen. Mange med tunge sko, ski og bindingar ser nok langt etter fjellskifolket i bakkane oppver mot vangsen i Påska, td. Ei god historie er i frå Ørsta i fjor vår. Ein toppturkonkurranse som gjekk ut på å gå fortast opp og nedatt Saudehornet trekte dei fremste randonneracingfolka i Noreg. Desse har det lettaste randonneutsyret ein kan få, og fartsdressar. Vinnaren vart venstrebacken på Ørsta FK, han gjekk på langrennski med feller og nedatt sette han seg på rompeakebrettet han hadde i sekken. Det mest effektive er nok det lettaste ja, men ikkje sikkert det morosamaste eller det som gjev best mestringsfølese. Fjellski er ei ski til alt.Trekjerne som regel, tåbinding, kabelbinding, bc,nnn.

 

  • Telemarkski, eller randonneski eller moderne fjellski. Med innføring av nye materiale kunne ein lage sidestive (høge) skisko i lær eller plast som ikkje var vanvittig tunge, då kom også breiare turski. Dette er ski i som kan brukast like godti skiheisen med alpinbinding og slalåmsko, som turbinding(telemark,randonne) og turstøvlar(no til dags nesten alltid plassko, plast er lettare enn lær når ein skal ha så høge skistøvlar). Innsving og breidde varierer, men breidda på midten varierar frå omlag 70mm til 177mm.. Skia er oftast treski, cap eller sandwich konstruksjon. Fordelen med breiare midtski er betre flyt i all snø som er mjuk, dvs. lausnø, vårsnø mm. Flyten er ein fordel både når ein brøyter spor og ikkje minst nedatt. Ein kan oftare flyte over istadenfor å bryte igjennom fokksnølaget, skarelaget, den rotne vårsnøen. I tillegg flyt slike ski lettare over ujamn snø, gamle spor, skavlar. Er føret hardt, skare, hardpakka snø ol. er breie ski ikkje ein fordel.Ski over 85mm på midten byrjar å verte harde å kante med “lette” plastsko på hardt føre, då må ein kanske gå for ein tung plastsko. Eg og Jostein går til dømes med ganske mjuke og lette sko, dei veg omlag 2,8kg på paret. Desse er ikkje så stive at dei kan samanliknast med ein slalåmsko. Er føret derimot mjukt treng ein ikkje ta i for å kante, og ein får det beste ut av skia. Då kan ein i prinsippet køyre ski med tøfler skrudd fast i skia vil nokon seie, men då må ein ha ein jekla god balanse. Derfor krever ikkje breie ski nødvendigvis plastsko til knea, som TT kommenterte, men då må ein vere flink til å velje det mjuke føret. Det er jo ein annan kunst!

 

Eg tykkjer det er vanskeleg å finne ei ski til alt, ein får velje etter føre, form, formasjonar og følelse, eg veit at mange og vel etter farge..

Skia er viktigast, men skoa og bindingen skal stå i stil også, og val av feller er kanskje det flest rotar med. Men den heilage treeininga ski, sko og binding kan varierast lett. Eg har smørt breiski med alpin turbinding og det har gått fint, og eg har brukt høge plastsko i tynne fjellski.

 

Eit anna poeng som NK kom med er det med tradisjonen til fjellskia. Les meir om det her: http://skiforeningen.no/holmenkollen/skihistorie

Skitradisjonen her i dalen svirrar rundt dei trad. fjellskia. I Lillehammer er det langrennskia, og i Chamonix er det alpine turski, som byrjar å ta over fjellet i Noreg også. Det kan ein meine mykje om, og det kan vi jo gjere i kommentarane!

 

NK nemner også stil og estetikk. Eg tykkjer det sværaste eg ser er flott telemark, og det er jo og det kjekkaste i godt føre. Men eg vert fortare sliten av det, får ilt i knea pluss at på vanskeleg føre er det lettare å ta seg ned på fast hæl, tykkjer eg.

Advertisements

9 Comments »

  1. Fyrste oppslagsord på eit søk i ordboka på ski gjev oss forklaringa på kva ordet ski eigentleg betyr?
    TILSLAGSORD ARTIKKEL FRA BOKMÅLSORDBOKA (offisiell rettskriving)
    ski I ski f1 el. m1 el. skie s d
    skie el. I ski f1 el. m1 (norr skíða, jf II ski)) kløyvd trestykke veds- / legge en s- på varmen / en s- i en skigard

    _______
    Når ein les denne definisjonen så vert det lettare å forstå gamle stabukkar som insisterar på at dei skia du har under føtene ute i snøen skal vere laga av tre.

    Comment by JAa — November 18, 2007 @ 2:22 pm

  2. nå må du ta deg litt fri fra skikjøyringa og heller dra deg på volleytrening:) ska spele treningskamp mot sogndal kl 20.00 i sogndal på tirsdag. Du blir med på det?

    Comment by Alex — November 18, 2007 @ 4:43 pm

  3. ja, da må eg vel

    Comment by bjorjost — November 18, 2007 @ 9:30 pm

  4. Ditta var avanserte greier – ikkje so mykje å tilføye nei – men eg savnar ei berømt, fantastisk ski som alle ser ned på: dei populære smørjefrie skia!!!! Dei kjem definitivt ikkje inn under langrennski då dei ikkje eig gli – og ein kan vel ikkje generalisere dei til fjellski heller… Tykkjer at dette kunne vore eigen kategori ja!! hehe. Snedde å spenne på seg når det er nullføre og ein vabbar på ubrøyta bortover-kuppert-løype =)

    Comment by anki — November 18, 2007 @ 11:02 pm

  5. Jentene våre har smørjefrie og dei glir fakerten ikkje bortover i det heile teke. Det ser nesten ut som om dei skia øydelegg det vesle dei har av teknikk. Så jamvel for 3- og 5-åringar trur eg at eg går for ikkje-smørjefrie. Elles tykkjer eg for min del at det ikkje er så nøye med ski, berre dei har fellar som òg sit godt nedatte.

    Comment by rypa — November 19, 2007 @ 10:12 am

  6. enig med rypa her:D Eg har sleke fancy freeride planka so definitivt funka best når eg har fellene på når eg ska nedatt=)

    Comment by Karin — November 19, 2007 @ 1:33 pm

  7. Eli; gå på http://www.treski.no og så vidare til barneski. Dei ser fine ut. Ikkje så jekla dyre heller.

    Comment by bjorjost — November 19, 2007 @ 2:38 pm

  8. Hei,
    God artikkel. Men du glemte en type ski som ble mye brukt på 70-80 tallet. Det ble kansje selt mer av denne typen en f.eks telemarkski.

    Og det var “mini” skien. Noen som vet hvem som fant opp den tradisjonelle røde plastikk skia?

    Comment by Ruben — December 5, 2007 @ 9:17 am

  9. Fin info (Jeg kommenterer gammel post, jeg da den er aktuell for meg). Jeg har ikke hatt ski på 15 år (gikk fra 180 lange, gode treski til 210 lange, tunge førstegenereasjons smørefri som totalt ødela skigleden) og forsøker nå å orientere meg i virrvarret for å kjøpe nye turski, hovedsakelig til løype.

    Comment by smgj — December 20, 2009 @ 3:14 pm


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: