Bjørnar sin blogg

December 6, 2008

Kvar skal ein gå når det er kaldt?

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 8:19 pm

Når det er 15 kalde på Gjerde er det kanskje 18 minus på Hesjevollen. Kor kaldt er det på Myri då? Gjerne 10 minus, same som i Krundalen omtrent. Dei mest hardføre held seg altså i langrennsporet i Bjønnstegane.
For nokre kan det likevel vere greit å komme seg vekk frå kulda nede i dalen når det byrjar å bite i kjakane, og om ein i tillegg vel ein tur der ein får sol, ja då vert det hunkydori, ingen vottar og kun ulltrøye på veg opp!

Inn i mørkret og kulda mot Vangsen..                           eller i sola i Vetle Geisdalen?


Kvar er det så lettast for ein Jøstedøl å komme seg inn i sola fortast mogeleg på ski? Eg meiner det må vere Vetle Geisdalen, gjerne opp mot Nosakollen og så feks. følgje den solrike ryggen vidare så langt ein gidd. Her treffer ein sola omlag ved brua over stien på denne årstida, om ein er ute i 11-tida. Fleire stadar langs ryggen er det fint og trygt å køyre ned att i Vetle Geisdalen. Ein gå sjølvsagt gå heilt til Halsane og.

Lioksli er ein annan solfavoritt, den sørøstvendte sida bør likevel oppsøkast litt tidleg så ein får sola heile tida om ein går heilt til topps.

Buskrednosi i Vigdalen ligg også sørvendt, og er bada i sol mesteparten av dei korte desemberdagane.

Vanndalen er jo som kjent mørk og kald på ein klår dag i desember, men går ein mot Mannen får ein sol i det ein passerer vatnet omlag.

Har de andre forslag til solturar der ein ikkje må gå i ein time eller to før ein treff sola?

Advertisements

2 Comments »

  1. Eg vil gjerne ha ein soltabell for Nigardsbregrandane, Bjønnstegane, Vanndalen og Geisdalen. Og Vitlestølsdalen, kanskje, sjølv om det ikkje er så aktuelt med ungar der.

    Comment by rypa — December 7, 2008 @ 4:14 pm

  2. Det er jo eigenleg ikkje så vanskeleg, sola står høgast i sør klokka 12, er det hindringar vert det mørkt. Eller står ho høgast 13 om vinteren…hmm…

    Grandane: tidleg, tidleg, frå feb. og utover. Her går sola bak Hauganosi i 12 tida i tidleg feb. Jo lengre inn ein går, jo verre…

    Bjønnstegane: Feb. her og, gå tidleg. Evt sol heile dagen lengre inn dalen når ho kliv Lioksli/Bjønnsteganefjellet.

    Vanndalen: Ikkje før godt uti feb. kan ein gå i sola heile vegen til vatnet.

    Vetlestølsdalen: Veit da faen eg! Når kryp sola Middagsnibba, kor seint på året klarar ho Hauganosi?

    Nei, gå mot Geisdalen, det er likast!

    Comment by Bjørnar — December 8, 2008 @ 3:06 pm


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: