Bjørnar sin blogg

November 18, 2008

Geisdalnosi og Åsaskaret og skred

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:51 pm

Geisdalsnosi og Åsaskaret er fine turar for skreiing når det er gode tilhøve og OBS! ikkje skredfarleg. I dag var vi nokre i Åsaskaret, i går Geisdalsnosi (nesten). I går fann vi vegen utanom dei store steinane ned frå Geisdalsnosi og skreidde i stort sett fin 30-40 cm laussnø på eit underlag av 15cm skareaktig snø og under der lyng og grasbakke. Flotte greier heilt til vi nådde omlag 800m kota, der gjekk det over til gjennombrotsskare som igjen gjekk over til knallhard skare.

Dagen i dag rann med snøbyger, og det hadde snødd ein del om natta. Ikkje på Gjerde då, her hadde det sludda mest, men snøgrensa gjekk omlag 100m høgare, på Haugen. Vi labba opp i Åsaskaret og fekk mildt sagt fin snø nedatt. Den ekle skaren frå dagen før som vi møtte ein stad over Vanndalen var idag nedsnødd, no var det fin styresnø. Resabakken får Mg+/S- av meg i dag, til dømes.

Men: begge desse to turane er turar der folk har vorte tekne med av skred i laupet av dei siste 20 åra. Tru det eller ei. Det tyder at det slett ikkje alltid er tilhøve til å gjere turane, det er greitt å hugse på når ein ser skispor på slike stadar. Om ein er usikker på skredfaren, så vel ein annan tur. Hytta på Mannen er td. skredtrygg langs normalvegen. Om ein er trygg på at det er stabil og trygg snø høyrer det likevel med å ha med tre ting som kan gjere ei redning av ein nedgravd turkamerat mogeleg:

-Spade

-Søkestang

-Sendar/mottakar (kalla S/M forkorta, ofte og kalla skredsøkar, men den kan ikkje finne skred, dessverre…)

Skiutsyret og skisporten er i utvikling mot brattare turar også her i Jostedalen, og nye skilauparar kjem til kvart år. Den største potensielle faren for ein vinterskilaupar som går på tur mest for å skreie laussnø er ikkje å forfrysing på fingrane eller å helle kokande kakao på låret, men å verte begreven i eit stort eller lite snøskred. Statistikken seier at dei som vert begrevne ikkje vert funne utan S/M, søkestang og spade til å grave dei opp att.

Advertisements

4 Comments »

  1. Kloke ord =) Ein hypotetisk tanke: Dei som ikkje går skiturar kvar dag (og kanskje ikkje annankvar dag heller) gløymer nok ofte ting som spade og søkeutstyr på dei tilfeldige turane sine. Trur ikkje eingong alle har dette tilgjengeleg i heimen… kanskje ønskjelista til jul burde opp til revidering allerede før ho er distribuert… heilt hypotetisk sjølvsagt =)

    Comment by anki — November 19, 2008 @ 10:13 am

  2. Det er jo “synd” (eller noko slikt) om dei som ikkje går så mykje på tur til fjells vinterstid at dei må/bør bruke mange tusen spenn på skredredningsutsyr. Ein kan jo velje å gå kun dei skredsikre turane. Men når kompisar og likesinna tek turen opp på Store Sandhaugedalen og den med for lite utstyr og kunnskap må gå opp Vetlestølsdalen er det jo ikkje så moro å gå på tur i lag. Så held det sjølvsagt ikkje berre å kjøpe seg saker og ting, ein må lære seg og bruke utsyret også. Å bruke ein spade treng ikkje vere så vanskeleg, men spesielt S/M-dingsen må øvast på. Snøar som f her no.

    Comment by BB — November 19, 2008 @ 10:25 am

  3. Å investere i ein lett og anvendeleg spade som ikkje tek heile sekken hadde nok for mange vore eit stort steg i fyrste omgang vil eg tru. Kostar peng gjer alt i dag – men sikker ferdsel i vinterfjellet bør vel alle prioritere? … Ei søkestang må vel sjølvsagt trening til for å bruke effektivt og riktig, men ein s/m skal ein vel berre ha i jakken? Nei, trur eg kom litt skeivt ut her.. Eg var i grunnen berre meint å skryte litt av at du tek opp skred-fare-temaet… men so balla det på seg =) Ikkje at eg har planar om turar til skredutsette strøk denne vinteren forresten, av naturlege årsaker… Men det kjem vel forhåpentlegvis fleire vintrar =)

    Comment by anki — November 19, 2008 @ 11:52 am

  4. Eg syns du ga noko høg karakter til resabakken, sjølv om det er ei subjektiv vurdering. Tenk resabakken med ein meter “såle” og 40 cm dunsnø!(det var ein del slike dagar i fjor) Steget frå føret på tysdag til draumeføret syns eg er ganske stort, eg ville gitt G pluss/M-. Men det var med telemarkutstyr. Kanskje randonne gir ei anna oppleving.

    Comment by Anne Marte — November 20, 2008 @ 10:32 am


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: