Bjørnar sin blogg

November 12, 2008

Sesongens 1. Vangsen tur- slutt på fritidsproblema

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:13 pm

Tirsdag var eg, Asbjørn og Anne Marte på Mannen og sjekka tilhøva, og det var ikkje verst. Litt lite snø den vegen, men det såg mykje betre ut mot Vangsen. Så eg og AM for opp dit ein tur i dag, og for eit føre det var! Laus og fin snø med rim på heile vegen, eg var borti ein stein og AM to, men kva er vel det på 750 høgdemeter. Med 4×4 køyrer ein heilt på vatnet, så det er berre skreiebakkar att opp til varden. Om ein ser seg litt godt om frå vatnet så finnes det fleire stadar der det ligg godt med snø. Det verkar som om det meste av den snøen som er kommen i høgda har flytta seg ned i nordsidene, så Vangsen var altså fin.

Skredfaren verkar liten, men i nokre heng låg det fort ein par meter med snø. På flatene var det svært varierande sjølvsagt. Postar sikkert eit bilete eller to i morgon.

Advertisements

14 Comments »

  1. Fine forhold i Vanndalen i dag, også for dei som går lett på smale ski. Føreslær at ein ikkje køyrer lenger opp enn stølen/inntaksdammen og parkerer bilen der slik at ein ikkje ødelegg skiføret vidare opp vegen. I tillegg sparar ein både klima og miljø og får ein god,heilskapleg tur frå skog til høgalpint terreng. Vegen er målet, toppen er berre ein stad undervegs.

    Comment by SB — November 12, 2008 @ 11:31 pm

  2. eg føresler at du går på ski heime i Krundalen SB.

    Comment by JAa — November 13, 2008 @ 1:52 pm

  3. Og eg føresler at du held kjeft, Jostein Aa. For ein dust! Og slikt må me slite med her i dalen.

    Comment by SB — November 13, 2008 @ 5:19 pm

  4. Ser at både det lokale og globale klimaet hardnar til! For lite snø i dalen?? Her på havet har me det fint med kaffi og røyk… (må passere røykerommet for å komme i trimrommet…)

    Comment by Roger — November 13, 2008 @ 7:48 pm

  5. No er i allefall evt. problem med køyring til vatnet løyst i at med at det snøar som det gjer. Dette vil gjere det umogeleg å køyre opp til vatnet for alle som ikkje har traktor i laupet av kort tid. Tippar at vinteren 2009 vert bra for alle involverte, og at vi får all den snøen vi fortenar. Jippi osv.

    Comment by BB — November 13, 2008 @ 11:12 pm

  6. Æsj, må eg kjøpe meg ein dyr traktor no, for å få meg ein billig vangsen-tur?

    Comment by rypa — November 14, 2008 @ 9:18 am

  7. I år vert det berre kostbare Vangsenturar frå no av, til og med dyrare enn i fjor grunna brøytelengd.

    Comment by BB — November 14, 2008 @ 9:35 am

  8. Og eg so tenkte at det var på berr mark rimet la seg……

    Eg tykkjer sjølvsagt at ein skal leggje vind på å gå skiturar utan å køyre bil fyrst. Bur ein i Jostedalen har ein betre mulegheiter til det enn nokon annan plass. Turane kan nok også bli vel so interessanne. Går ein opp og ned mange nok bakkar blir det vel òg like mykje skreiing pr. time på ski. Eg har tidlegare føreslege for Kjellrun skituren Bukve – Hesjevollen tur/retur. Eg veit ikkje om ho har prøvd det.

    Comment by TT — November 14, 2008 @ 10:33 am

  9. Det er då ofte rim på snøoverflata! Det einaste som skal til er at temperaturen på bakken er under null og i tillegg lågere enn doggpunkttemperaturen. Doggpunkttempen vert oppgitt i dei fleste meteogram som ei stipla linje langs temp. skalaen. Doggpunkt er den temperaturen er given mengde luft må kjølast ned for å kondensere.Då vert det dogg om sommaren og altså rim på vinteren.
    Vassdampen i lufta frys dermed, og lagar vanlegvis små krystallar på kalde overflater. Eg har sett rim på snøoverflata som har vore omlag 10cm lange. Nær opne elver når det er kaldt er det vanleg å sjå store rimkrystallar.

    Ellers ser det vel ut til at det vert ein halvmeter med snø over 1100-1200 moh. i laupet av neste døgera. Bra greier.

    Comment by BB — November 14, 2008 @ 12:54 pm

  10. Litt faktainfo: Det viser seg at det er friluftsfolket som er det største trugsmålet mot natur og miljø. Dei brukar mykje tid og pengar på å kjøpe nytt og dyrt utstyr, dei køyrer mykje privatbil for å å komme seg frå byen til skogen/fjellet og dei forbrukar dermed mykje ikkje-fornybare ressursar og ureinar miljøet i tillegg. Slik er det berre.

    TT er ein typisk idealist (ære vere han for det) men realiteten er at og på bygda bruker ein privatbil i stor grad for å utøve ei form for filuftsliv, Jostedalen er ikkje noko unnatak i så måte. For mange er det å kome seg til fjells på skitur den ultimate friluftsopplevinga, å rote rundt i skog og kulturlandskap i mørke lågdalar utan sol og lys ikkje noko alternativ. Ein må opp på fjell og den høge nut for utsyn og innsyn og ikkje minst skreie nedatt. Det er og viktig at dei innfødde bruker naturen, ikkje berre innflyttarar som veit og setje pris på eit fritt liv i fri natur.

    Comment by SB — November 14, 2008 @ 6:52 pm

  11. Denne overflaterimen vil vel skape eit farlig glilag når den snør den? På grunn av strukturen til krystallen vil den vel binda seg dårleg til over- og underliggjande snø? For ikkje å snakka om det faktumet at vinden kan samle den slik at ein ikkje finner overflaterim i ein snøprofil, men mykje i ein profil like ved. Og om det kjem ein halvmeter med snø… tja, tryggare på Kjellaren då…?

    Comment by Siri Bente — November 14, 2008 @ 6:53 pm

  12. Om rim: du har teknisk sett sikkert rett BB. Men eg kan aldri hugse at eg f. eks. har sagt “fy so mykje rim det er på snøen i dag”.
    Her er eit par linkar til rim: http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Rime
    http://met.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1133

    Eg merkar meg at her ikkje er bilete av rim på snø. Men det er vel kanskje ikkje so lett å filme.

    Med dette avsluttar eg denne språkdiskusjonen.

    SB meiner meiner altså at dei som driv med friluftsliv i låglandet berre “rotar på” medan dei som køyrer bil so langt vegen går og vel so det for so å ta på seg (dei dyre) skiene er dei skikkelege friluftsfolka. Om ein skreier ein gong frå 1700 til 700 moh. eller om ein skreier 5 gonger frå 400 til 200 moh. skulle vel bli opp i same neven? Sett bortsett frå at det å skreie i låglandet – med mykje stein og skog – set mykje større krav til skiskreiaren.

    SB skriv: “men realiteten er at og på bygda bruker ein privatbil i stor grad for å utøve ei form for filuftsliv”. Det ser ut for at SB meiner me ikkje har noko val. Me må køyre bil, om me vil eller ei. For å gjenta meg sjølv: er det nokon plass me har eit val når me vil gå på ski er det nettopp i Jostedalen.

    Comment by TT — November 15, 2008 @ 3:47 pm

  13. Even, Marit pluss slekt og vener var på Nosakollen idag(!) og dei kunne fortelje om meir snø i lufta enn på bakken til dels- det snøa visst svært tett i frå Geisdalen og oppover. Det regna sjølvsagt tilsvarande lenger nede i dalen.. Dette snøfallet har vel sett spikaren i kista på eit kvart forsøk frå hausten til å syne fargane sine att over skoggrensa.

    Søndag vert det spanande og sjå kor mykje snø som er komme, og korleis vinden har frakta den.

    I høve rim: eg har nokre bilete av rim på snø, men PC’en min er til reperasjon, så det vert nokre dagar til eg kan syne dei bileta.

    I fjor låg det som kjent lenge mykje(over 1,5m) med snø på Gjerde, då var den mest effektive turen eg fekk gå i frå Rasmushuset, opp til Vårstølen og opp på reset derifrå. Det var nok og den turen eg gjekk flest gonger, berre så det er sagt.
    Den bilkøyringa ein gjer i høve til turar og friluftsliv er no likevel for dei fleste og i den store samanhangen marginal. Jobbkøyring og ikkje minst flyturar er co2killers.

    Comment by bjorjost — November 15, 2008 @ 4:32 pm

  14. Vil tro at mye av snøen som var i lufta når vi var ute har landa nå. I så fall begynner det å bli en del snø der oppe. Men ikke merkbart mye rim foreløpig.

    Comment by Even — November 15, 2008 @ 6:13 pm


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Create a free website or blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: