Bjørnar sin blogg

January 25, 2008

Før var det morsomt med sne

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 11:15 am

Før var det morsomt med sne, sa De Lillos, nokre tykkjer nok det fortsatt er moro.

snomalar.jpg

Målesetaven står mellom huset og garasjen, på 240 moh. Er det mest snø i landet i Jostedalen på denne høgda over havet? Kanskje Even veit dette?

Obs! Har vore ute og kontrollmålt no, og snømengda stemmer. Eg har forlenga målestaven min i påvente av meir snø/nedbør. 220cm burde vel halde…? Er det nokon som veit sist det var over 2 meter på Gjerde?

Asbjørn Berget var innom, han har brøyta i natt. Han kunne fortelje at frå han byrja å brøyte på Jostedal Industrier til han var ferdig hadde det snøa 20cm. Dvs. i laupet av ein 30min, kanskje. Historia vert bekrefta av Ove, som opplevde det same ein annan stad.

Eg hadde omlag 1,5 tonn snø på trappa i dag, Oddmund måtte kaste snøball på verandadøra for å få kontakt med oss her inne. Han brukte berre 4 kast, bra treffsikker med andre ord.

På Grov var det visst eit hibbile i dag, med vassrett snø og attdrivne tun. Sikkert gale i Fåberg og.

Vermeldingane sprikar, men yr lovar omlag 30mm nedbør i morgon og ingen vind, dvs 30 cm snø om det er kaldt nok, medan met.no sine meteogram fortel om meir nedbør:

pict0004met.jpg

Det ligg på snøgrensa heile helga temp. messig, men skal verte mildt mandag. Mykje nedbør i vente, altså, opp mot 10cm, det kan verte ein meter til.

I dag og i tida som kjem får vi sende våre tankar til brøytarane, dei har hatt seige dagar og får seige dagar.

Utan brøytaren stoppar Jostedalen!

Advertisements

3 Comments »

  1. Veit og veit. Kan ikke skjønne hvor det skulle være mer på tilsvarende høyde. Vet ikke hva de har på 240 moh på Veitastrond. Jeg er tilbøyelig til å si at Jostedalen i øyeblikket er i verdenstoppen i sin “høydeklasse”. Marit har vært ute å reist i den store verden og påstår at Knaben i Indre Agder kan hevde seg, men et raskt søk på nettet avslører at de har 45 cm. Pinlig.

    Comment by Even — January 25, 2008 @ 10:15 pm

  2. hmmm.. veit ikkje når det sist var so mykje snø her. Det var i allefall lika mykje når eg var ein 13-14 år, men det kan no hende det har vore lika mykje seinare? (eg er født i 1980 for dei som ikkje veit det:D)
    Innser plutseleg at eg er gammal..både pga fødselsår og det faktum at eg er byrgja å mimre om vintrane i mine ungdom….

    Comment by Karin — January 26, 2008 @ 12:38 am

  3. 1979 var ein stor snøvinter. 4. mars gjekk ei fonn på Hesjevolen over vegen. Les meir i JSA nr. 2 78/79. Og so var det eit alvorleg snøkast vinteren 1994. Det kom vel over meteren på eitt døgn. Elles såg eg i Sogn Avis at det var 1,80 m i Fåberg i 1983 på denne tida.

    Comment by TT — January 26, 2008 @ 8:55 am


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: