Bjørnar sin blogg

November 14, 2007

Den breiaste skia i verda

Filed under: Uncategorized — bjorjost @ 3:50 pm

Det har vore litt diskusjon på bloggen min om kven som har den breiaste skia i Sogn. Eg veit ikkje kven det er, men her kjem ei lita guide til breie ski.

Ok, her er skia mi, prophet130b60_line_0607.jpgLine 130, den er 130mm på midten og 155mm på det breiaste i ei lengde på 190. Den har form som ei vanleg ski, dvs. smalast på midten med innsving, altså.

Andre ski er breiast på midten, for å få betre flyt i laussnø utan at tuppen “hektar” i laussnøen, noko som kan hende når ein svingar med så breie ski. Skal sjå litt på desse bastardane seinare i bloggen, vi kan kalle dei pudderski.

Her er Bjørn Gjelsten si, Fischer Bigstix 106, den var brei eingong i tida, 106mm på midten.bigstix.jpg

Her er Andreas Haslestad si ski, Volkl Sumo, 125mm på midten, 150mm framme, omlag same meir innsving som mi ski. volkl_sumo_06.jpg

Ok, så eit par reine pudderski, som altså er breiast på midten omlag, smalnar ofte av bakover skia for at bakskia skal synke ned i djupsnøen, og tuppen dermed gå opp. De kjenner sikkert problemet med tuppar som dykkar inn i skavlar og slikt, det skjer ikkje med så breie ski.

I tillegg er nokre av desse skia bygd i vogge-form, som regel berre tuppen då. Framskia er altså bøygd opp feks. allereie ved bindingen for å få betre flyt og unngå at tuppen dykkar. Motsett spenn vert det altså, i høve til ei vanleg langrennski eller fjellski. Treng ikkje smøresone her, vettu..

Kanskje den mest selde no til dags er K2 Spatula, eller var det Pontoon, hmm,spatula1.jpg, smalnar inn bakover, og gjer det va

nskeleg å komme på kant om det skulle vere hardt, men flyg i laussnø..

Dp sine ski med karbon for minka vekt, omlag 135mm lotus138.gif

Goode sine reine karboski er ekstremt lette, berre 1390gram i 192 og 144mm.scoopsmall.gif

Men no vinnarane, den breiaste skia i verda!(Så vidt som eg har funne ut..)

2.plass, Fatypus Alotta, den er heile 140mm på midten og 172mm! framme! Denne skia er byg i USA, og i bruk i veststatane Utah og Colorado der dei skal ha lett lett snø, i motsetning til austkysten. Denne kjem berre i 170cm og 180cm.

180alottasm.gif

1.plass, herregud og fader, franskmennene er galne, denne skia er breiare på midten enn Fatypusen i tuppen!ski-monstrefat.jpg

Duret heiter ein gamal skifabrikk i frankrike, dei starta opp att for nokre år sidan, og har bygd denne skia, ei ski du helst bør være naturleg kalvbeint for å køyre! Duret Monster er 177mm på midten, 20,3 cm framme og 193 bak, jeez, det var plenty med ski. Svingradiusen er 30meter, og den kjem i 186cm.

Denne skia vil du ikkje køyre på skaren med mindre du er Hulken, men i laussnø må det vere fine greier. Sikkert ikkje så godt å gå ein travers på vindpakka snø med 35mm feller, iallefall.

Vil eg tru.

Advertisements

12 Comments »

  1. Dette var jammen godt å få klarheit i.

    Comment by JAa — November 14, 2007 @ 9:45 pm

  2. Ein gong trudde eg at eg var ein spreking på ski. Seinare, då eg såg på dykk “ungdommar”, fann eg ut at eg var ei krekse. Men no må eg igjen revurdere situasjonen. Med 15 – 20 cm breie og 180 cm lange ski og plastsko som går nesten oppunder kneet er det vel umogeleg å dette. Berre sjå på 3-åringane på Heggmyrane!
    Dersom eg får Tom til å flyge meg på Vangsen og einkvan kan låne meg slikt utstyr skal eg prøve det ut.

    Comment by TT — November 14, 2007 @ 10:24 pm

  3. Ja TT, det er lett å stå på så breie ski. Alle burde gjere det eg fattar ikkje kvifo folk går rundt med desse joggepinnane i fjellet. Det er på kanten til farleg, tykkjer eg!

    No treng vel ikkje skoa vere så store og tunge for å få skia til å gå, men breie ski gjer alt meir stabilt, både framover, bakover og ikkje minst sidelengs.

    Med lettaste bindingane og lette sko er det ikkje noke heft å gå med heller, sekk jo mykje mindre ned i snøen.
    Det verste er hardt underlag, vinddriver, skare ol., då vert det tungt å kante, nøydd å ha heildekkande feller då, noko eg ikkkje har enno.
    Men kvifor gå på plassar der snøen er hard, er ikkje noko moro å stå ned att der!

    Comment by bjorjost — November 15, 2007 @ 4:07 pm

  4. Takk for utfyllande opplysningar. Eg bør kanskje vurdere eit utstyrsskifte.

    Comment by TT — November 15, 2007 @ 6:48 pm

  5. Glimrande skiblogg du har fått opp her Bjørnar – endeleg nokon som interesserer seg for djupsnø og fjellski, og nesten ingenting anna!

    Sjølv har eg aldri prøvd ekstremt breie fjellski, men går av og til fjellturar i lag med folk som har slike, og utelukkar ikkje heilt at skiene kan ha enkelte (små) fordeler. Men fjellski handlar og om estetikk og tradisjon, ikkje berre om kva som er praktisk og lettvint i bratte utforbakkar. Du er kanskje samd i at me må sikre ei vidareføring av den rotnorske fjellski-tradisjonen, der skiene i størst mogeleg grad skal vere tilpassa alle terrengtypar og føretilhøve? Eg undrast og på korleis det kjennest å dra på seg tunge, stive skistøvlar av storkna olje, når det finst velprøvde og solide skistøvlar i ekte, naturleg ler?

    Kan elles stadfeste at TT var og er ein kløppar på ski.

    Ein finfin blogg – her kjem eg attende….

    Comment by NK — November 16, 2007 @ 7:38 pm

  6. Truger kjem vel ikkje inn under denne bloggen, men:

    Med min fysikk, og etter å ha høyrt Schønbergen på nærradioen, så lyt det nok bli eit par av desse moderne trugene til 4 – 5000 (?) kroner.

    Har nokon av dykk sprekingar link til ein god TRUGE-blogg?

    Comment by eies — November 18, 2007 @ 8:30 am

  7. kva no schønberg har sagt?

    Comment by bjorjost — November 18, 2007 @ 1:24 pm

  8. Nærradioen 100 – 106 eller noko slikt. Går heile dagen i reprise. Han vart intervjua og talte varmt om sunn livsstil og ikkje minst måtehold på alle felt… Folk, inkl. ungar, burde koma seg meir ut i uorganisert leik og aktivitet. Då han voks opp var han i aktivitet 24 timar i døgnet (her overdreiv han nok litt…), sa han. Og han anbefalte spesielt dei moderne trugene som eit alternativ til ski. Men han tenkte nok spesielt på sokalla mosjonistar.

    Og eg tykte han sa kloke ting.

    Men finst det altså ein god truge-blogg eller noko liknande?

    Comment by eies — November 18, 2007 @ 1:42 pm

  9. her er ein test av moderne truger, dog på utanlandsk.

    http://rodale.typepad.com/backpacker_gearcasts/2006/11/index.html

    Lukke til

    Comment by bjorjost — November 18, 2007 @ 2:04 pm

  10. hei eies, her er ein norsk test

    http://www.hansi.no/download/NJF-Trugetest.pdf

    På fjellforum:

    http://fjellforum.net/viewtopic.php?t=2240

    Der inne finn du fleire testar!

    Comment by bjorjost — November 18, 2007 @ 9:48 pm

  11. Ein fin-fin blogg – kjempesørvis…!

    Comment by eies — November 19, 2007 @ 5:43 am

  12. Apropo breie ski:

    “Betre å ha bredde framme enn bak”,….

    sa mannen til kjeringi.

    Comment by sbh — December 18, 2007 @ 6:26 pm


RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: