Skroll ned på denne sida, stygge greier
http://www.arbeidstilsynet.no/c26977/artikkel/vis.html?tid=28780
Skroll ned på denne sida, stygge greier
http://www.arbeidstilsynet.no/c26977/artikkel/vis.html?tid=28780
Eg tenkte det kom til å regne i dag så ein fekk litt fri, men neidå, det snøa igjen.. Draumeforhold oppi der.
No er det 82cm med snø i hagen i byggefeltet. Det er omlag 1.10 på Nosakollen, og dei øverste 40cm er såkalle pulverschnee. Det er svært gode tilhøve i austvende heng-OBS! skredfare sjølvsagt.
Ikkje det finaste føret lenger, men fint ver og fin tur. Eg, Roger, Jølle, Nansen og Jostein kan vel heller ikkje anbefale Vangsen no, var litt mykje stein som stakk opp i bratta over vatnet. Ellers var det fint, men stort sett variasjonar av hardt føre. Lettgått med andre ord.. Fin temperatur, rundt 4-5 minus og nesten vindstille(utanom Resabakken då, sjølvsagt). Men; det er nok av turar der det ligg mindre stein og der det er meir snø!
Normann skreiv ein kommentar på den ei tidlegare posting om breie ski i fjellet, og dette er jo eit kjekt emne å diskutere.
Her kjem eg med nokre meiningar om ulike ski, ganske subjektivt.
Det finnes mange typar ski til ulikt bruk, hovudkategoriane er vel;
Så fjellskia:
Eg tykkjer det er vanskeleg å finne ei ski til alt, ein får velje etter føre, form, formasjonar og følelse, eg veit at mange og vel etter farge..
Skia er viktigast, men skoa og bindingen skal stå i stil også, og val av feller er kanskje det flest rotar med. Men den heilage treeininga ski, sko og binding kan varierast lett. Eg har smørt breiski med alpin turbinding og det har gått fint, og eg har brukt høge plastsko i tynne fjellski.
Eit anna poeng som NK kom med er det med tradisjonen til fjellskia. Les meir om det her: http://skiforeningen.no/holmenkollen/skihistorie
Skitradisjonen her i dalen svirrar rundt dei trad. fjellskia. I Lillehammer er det langrennskia, og i Chamonix er det alpine turski, som byrjar å ta over fjellet i Noreg også. Det kan ein meine mykje om, og det kan vi jo gjere i kommentarane!
NK nemner også stil og estetikk. Eg tykkjer det sværaste eg ser er flott telemark, og det er jo og det kjekkaste i godt føre. Men eg vert fortare sliten av det, får ilt i knea pluss at på vanskeleg føre er det lettare å ta seg ned på fast hæl, tykkjer eg.
40cm med laussnø utan vind i på glimrande såle med 5cm rim på toppen i 800 høgdemeter er jo greit nok. Vert fin lyd av rimen når ein skreier i den og! Det som går an no er jo å køyre der det ellers på vinteren ligg skredsnø i klumpar, og det er mange skredbaner her i dalen!
Det har vore litt diskusjon på bloggen min om kven som har den breiaste skia i Sogn. Eg veit ikkje kven det er, men her kjem ei lita guide til breie ski.
Ok, her er skia mi,
Line 130, den er 130mm på midten og 155mm på det breiaste i ei lengde på 190. Den har form som ei vanleg ski, dvs. smalast på midten med innsving, altså.
Andre ski er breiast på midten, for å få betre flyt i laussnø utan at tuppen “hektar” i laussnøen, noko som kan hende når ein svingar med så breie ski. Skal sjå litt på desse bastardane seinare i bloggen, vi kan kalle dei pudderski.
Her er Bjørn Gjelsten si, Fischer Bigstix 106, den var brei eingong i tida, 106mm på midten.![]()
Her er Andreas Haslestad si ski, Volkl Sumo, 125mm på midten, 150mm framme, omlag same meir innsving som mi ski. ![]()
Ok, så eit par reine pudderski, som altså er breiast på midten omlag, smalnar ofte av bakover skia for at bakskia skal synke ned i djupsnøen, og tuppen dermed gå opp. De kjenner sikkert problemet med tuppar som dykkar inn i skavlar og slikt, det skjer ikkje med så breie ski.
I tillegg er nokre av desse skia bygd i vogge-form, som regel berre tuppen då. Framskia er altså bøygd opp feks. allereie ved bindingen for å få betre flyt og unngå at tuppen dykkar. Motsett spenn vert det altså, i høve til ei vanleg langrennski eller fjellski. Treng ikkje smøresone her, vettu..
Kanskje den mest selde no til dags er K2 Spatula, eller var det Pontoon, hmm,
, smalnar inn bakover, og gjer det va
nskeleg å komme på kant om det skulle vere hardt, men flyg i laussnø..
Dp sine ski med karbon for minka vekt, omlag 135mm ![]()
Goode sine reine karboski er ekstremt lette, berre 1390gram i 192 og 144mm.![]()
Men no vinnarane, den breiaste skia i verda!(Så vidt som eg har funne ut..)
2.plass, Fatypus Alotta, den er heile 140mm på midten og 172mm! framme! Denne skia er byg i USA, og i bruk i veststatane Utah og Colorado der dei skal ha lett lett snø, i motsetning til austkysten. Denne kjem berre i 170cm og 180cm.
1.plass, herregud og fader, franskmennene er galne, denne skia er breiare på midten enn Fatypusen i tuppen!![]()
Duret heiter ein gamal skifabrikk i frankrike, dei starta opp att for nokre år sidan, og har bygd denne skia, ei ski du helst bør være naturleg kalvbeint for å køyre! Duret Monster er 177mm på midten, 20,3 cm framme og 193 bak, jeez, det var plenty med ski. Svingradiusen er 30meter, og den kjem i 186cm.
Denne skia vil du ikkje køyre på skaren med mindre du er Hulken, men i laussnø må det vere fine greier. Sikkert ikkje så godt å gå ein travers på vindpakka snø med 35mm feller, iallefall.
Vil eg tru.